Spynorsk.net er ein parodi

Kvart valår kjem enkelte politiske parti med svært populistiske og useriøse uttalingar og kampanjar som gjeng ut på å prata dritt om sidemål og nynorsk for å sanka billege røyster. Skriv du bokmål og tykkjer at desse sidene er dumme, så har eg fått fram poenget mitt. Det er dumt å kritisera eit skriftspråk når du eigentleg vil peika på opplæringsmåtane. Visse ungdomsparti har ikkje forstått dette, jamvel om dei har både nynorskbrukarar og andre fornuftige mennesker i medlemslistene deira.

Spynorsk.net er ein parodi på slike flåsate uttalingar og teite kampanjar. Under ein skuledebatt i 2009 kom Amara Butt, frå Unge Høgre, med påstanden om at «nynorsken skal tilbake i fjøset der den hører hjemme». I 2007 hadde Unge Høgre ein underskriftskampanje med særs tåpne argument:

Unge høgre 2

I 2005 laga Harald Victor Hove bokbål med nynorskordlista i ein reklamefilm for seg sjølv, utan å tenkja på at bokbrenning gjev assosiasjonar til knebling av ytringsfridommen, meiningssensur og diktatur. I 2000 delte Oslo Unge Høgre ut denne flogskrifta:

Unge høgre 1

Viss du har spørsmål til desse sidene, send meg gjerne ei melding: .

Sjå òg No er det nok – i dass med det!

Sjå òg 100 år er nok!

Sjå òg Bokmål er skrotmål!

© 2007–2012 Spynorsk.net. Ettertrykk forbode utan løyve frå opphavsmannen.