Vonlausorganisasjonen

No er det nok – i dass med det

Ukunnige Høgre set i gang ei tevling for å visa vonhuget vårt med at det nyttast pengar på eit språk me ikkje treng. I dei siste fire åra er setningar på bokmål vorte lengre, grammatikken vanskelegare, og staten har nytta meir pengar på uklårt byråkratispråk i staden for viktigare ting.

Når skulen må nytta mykje pengar og tid på latterlege ting som bokmålsgrammatikk, så seier det seg sjølv at me får dårlegare tid og mindre pengar til dei viktige tinga som sjangerlære, poesi, tekstanalyse og dei fire store.

Me hiv bokmålet i dass, der det høyrer heime!

Er du misnøgd med hankjønsfleirtal i inkjekjøn? Er du lei av an-, be-, -het og -else? Prent ut arket til å markera vonhuget ditt, ta eit bilete og delta i tevlinga!

Reglar for tevlinga

Prent ut eit No er det nok – i dass med det-bilete og fest det på noko du er lei av, anten det er ei bokmålsordbok, ein bokmålsskrivande politikar eller kontordøra til læraren som drit i læreplanen og køyrer på med berre bokmål heile skuleåret. Ta eit bilete og send det til . Me legg ut bileta etterkvart på denne sida. Vinnaren av det beste biletet får kanskje ein premie eller noko sånt.

Sjå òg 100 år er nok!

Sjå òg Bokmål er skrotmål!

Spynorsk.net er ein parodi

© 2007–2012 Spynorsk.net. Ettertrykk forbode utan løyve frå opphavsmannen.

Toalettbiletet er teke av Jer Kunz (på Flickr) og er frigjeve i ein Creative Commons-lisens.