Bumerke

Valfritt sidemål gjev ein hjerne-daud og einsretta kvardag

Ukunnige høgre meiner enkelt og greit at innbyggjarane av dette landet er for dumme til å læra meir enn eit språk. Det er difor dårleg gjort å tvinga folk til å tenkja sjølv, og det er dårleg gjort mot alle som heller ynskjer å nytte tida si til å sjå på fjernsynet.

I røynda vil veldig mange nytta sidemålet sitt etter vidaregåande. For dei dummaste av nordmennene vil dette vera veldig diskriminerande, sidan våre nye landsmenn kan fleire språk og er dimed betre stilt.

Me i Ukunnige Høgre lukkar øyrene når nokon kjem med gode argument for sidemål – og ropar høgt når me kjem på veldig dårlege argument mot.

I 1907 vart sidemål innførd i Noreg for å gjeva norske elevar eit val. Me vil fjerna dette valet, sidan det tek bort verdifull fjernsynstitting-tid.

100 år er meir enn nok! Me krevjer mindre kompetanse og kunnskap i verda!

Noreg i 2007
Så mange har skrive under
207

Sjå òg No er det nok – i dass med det!

Sjå òg Bokmål er skrotmål!

Spynorsk.net er ein parodi

© 2007–2012 Spynorsk.net. Ettertrykk forbode utan løyve frå opphavsmannen.

Innlegga vert kanskje loggførd med IP.
Foto av mateting: Vegard Thingvoll.